GrammarSoft ApS

Norwegian (nynorsk) -> Games -> Paintbox Game  Visual Interactive Syntax Learning  
 
Norwegian (nynorsk) VISLSentence AnalysisEdutainment

Printer-friendly version

 

The Paintbox Game

Browse the sentences by clicking on the icon below:
ANN1-ANN198 BNN1-BNN231 CNN1-CNN226 DNN1-DNN109
Pre-analyzed sentence

NORSKE SETNINGAR - NYNORSK - NIVÅ C
[Norwegian sentences nynorsk - level C]

Authored by: Tekstlaboratoriet, Universitetet i Oslo

1. SETNINGSLEDD DER LEDDA ER ENKELTORD

1.1. Intransitive konstruksjonar

Subjekt + verbal

CNN1 Oktava ropte.
CNN2 Skvatt du?
CNN3 Eg frys.
CNN4 Ho smiler.
CNN5 Far kremtar.
CNN6 Journalistane jubla.
CNN7 Vi køyrer.

Subjekt + verbal + adverbial

CNN8 Ulvane kjem ikkje hit.
CNN9 Kaffien smakte fælt.
CNN10 Då sov Pode.
CNN11 Turistsjefen lo høgt.
CNN12 Døden syklar ikkje.
CNN13 Passasjerane steig inn.
CNN14 Sogndal starta friskt.

1.2. Monotransitive konstruksjonar

Subjekt + Verbal + Direkte Objekt

CNN15 Egget rørte seg.
CNN16 Eg sa ingenting.
CNN17 Nokon hadde langrennsski.
CNN18 Brøytebilsjåførane har vanskar.

Subjekt + Verbal + Direkte Objekt + Adverbial

CNN19 Lastebilsjåføren stakk hovudet ut.
CNN20 Kva veit eg eigentleg?
CNN21 Bryne hadde ballen mest.
CNN22 Måndag har teatergruppa ekstraframsyning.

1.3. Ditransitive konstruksjonar

Subjekt + Verbal + Direkte Objekt + Indirekte Objekt

CNN23 Rosina gav bussjåføren pengekassa.
CNN24 Anita synte dei byen.
CNN25 Carew gav hjemmelaget leiinga.

Subjekt + Verbal + Direkte Objekt + Indirekte Objekt + Adverbial

CNN26 Høgtideleg rekte dommaren Monica diplomet.
CNN27 Ronaldo serverte ham ikkje pasningen.

1.4. Kopulakonstruksjonar

Verbal+ Subjekt + Predikativ

CNN28 Kven er det?
CNN29 Eg er sjømann.
CNN30 Hovudstaden heiter Helsinki.
CNN31 Vert sjukehusa røykfrie?
CNN32 Trollet var gamalt.
CNN33 Ungguten vert flau.

Subjekt + Verbal + Predikativ + Adverbial

CNN34 Er dette verkeleg naudsynt?
CNN35 Eg er ikkje interessert.
CNN36 Favoritt er laget sjeldan.

1.5. Komplekstransitive konstruksjonar

Subjekt + Verbal + Direkte Objekt + Predikativ (objektspredikativ)

CNN37 Sjømannen måla båten raud.
CNN38 Christine kalla kaninen Tassen.
CNN39 Mats tegna ormen raud.
CNN40 Elevane skura golvet reint igjen.
CNN41 Han kalla ikkje statsministeren idiot.

1.6. Konstruksjonar med formelt subjekt

Eigentleg subjekt + Verbal + Formelt subjekt

CNN42 Det kjem redningsmannskap.
CNN43 Går det omgangssjuke?

Eigentleg subjekt + Verbal + Formelt subjekt + Adverbial

CNN44 Det sit kafégjester ute.
CNN45 Det kjem sniglar hit.
CNN46 Det stod nokon der.

1.7 Setningar utan subjekt

CNN47 Stans bussen!
CNN48 Kjør varsamt!
CNN49 Slutt!
CNN50 Hald deg unna flugesoppane!

2. SETNINGSLEDD DER NOKRE AV LEDDA HAR MEIR ENN EITT ORD

2.1. Adverbial som har fleire ord

CNN51 Gjennom vindauget ser eg skogen.
CNN52 Eg kjenner han på den stripete trøya.
CNN53 Eg er turistsjef her i byen.
CNN54 Eg fekk gå ut igjen i dag.
CNN55 Han kom ut av skogen i duskregnet med våte sko.
CNN56 Tangoen kom frå Buenos Aires til Finland i 1917.
CNN57 Vi stoppa ved ein liten kafé attmed ei bensinpumpe.
CNN58 Natt til 17. mai aksjonerte dei mot bokmålbruken på Vangen.
CNN59 Far tende nokre stearinlys før han tok noko ut av omnen.
CNN60 Mass stoppa kjeften nedi bensintanken.
CNN61 Slekta mi kjem frå dei djupe fjordane.
CNN62 Forteljinga sklir utan problem.
CNN63 Trønderane satsar på eit rockemuseum i Namsos.
CNN64 Kva skjedde med kvinna?
CNN65 Datagiganten gav til slutt etter for massivt press frå 110 ordførarar.

2.2. Subjekt som har fleire ord

CNN66 Den lokale identiteten knyter seg til språket.
CNN67 Eit krydderfat med ein liten motor inni gjekk sakte rundt og rundt på bordet.
CNN68 Dropar på storleik med høneegg kom dalande ned.
CNN69 Førsteetasjen i handelshuset vil innehalde mange butikkar av normal storleik.
CNN70 Ropet om hjelp kom heilt plutseleg ut i lufta.
CNN71 Ikkje alle barna i landsbyen går på skule.
CNN72 Interessa for krigshistoria veks fort.
CNN73 På denne strekninga er faren for vassplaning stor.
CNN74 Eikefjord Idrettslag betalte heile treningsopphaldet til fotballspelarane til eliteserielaget Lillestrøm førre veke.
CNN75 Bokbåten sin eksistens har vore truga.

2.3. Direkte objekt som har fleire ord

CNN76 Såg du ei reservekanne nokon plass?
CNN77 Han glefsa i seg minst ein heil laks og åtte egg.
CNN78 Rosenborg står for ein offensiv spelestil.
CNN79 Eg har ei høne å plukke med denne kalkunen.
CNN80 Far tok heile den kalde poteta i ein jafs.
CNN81 Vi har eit politisk ansvar for industrisamfunna i Høyanger og Årdal.
CNN82 Eg kjenner fleire politiske kjendisar.
CNN83 Denne kampen opna jentene strålande.
CNN84 Fylkeskommunen gir nærare to millionar kroner til prosjektet.

2.4. Indirekte objekt som har fleire ord

CNN85 Bidger misunte venen Bjørn Disel den gule skjorta.
CNN86 Kelneren serverte dei siste gjestene snøgt og venleg.

2.5. Predikativ som har fleire ord

CNN87 Det er då ei miljøsak.
CNN88 Livet mitt blir aldri meir det same.
CNN89 Er ikkje livet berre ein diger pizza?
CNN90 Våge er ein av Manchester United-supportarane.
CNN91 Eg blei tidleg eit reint fantom i dei brattaste bakkane.
CNN92 Anton var heilt oppklort på armar og bein.
CNN93 Svinesteik kalla far det.
CNN94 Far min er den einaste mannen som har matboks med bilete av djevelen på loket.
CNN95 Irene er den penaste jenta som eg veit om.
CNN96 Mass var sjølvsagt heilt uimottakeleg for høgare ironi.
CNN97 Avisbodet var ei av dei lengste damene som budde i Bløygen.
CNN98 I Bergen er han aldri roleg.

2.6. Verbal som har fleire ord

CNN99 Han har vore på synfaring.
CNN100 Dagen har vore heit.
CNN101 Gjennom åra har ordskifta osa av hykleri.
CNN102 Nokon har hogge ned alle plommetrea mine.
CNN103 Festspela har invitert to band med brei appell.
CNN104 Tante Elida har halde meg innelåst på rommet etter det siste besøket mitt på kyrkjegarden.
CNN105 Tre gravsteinar kunne ha vore der no.
CNN106 Eg har vore i verre flokar enn denne.
CNN107 Eg skulle ha brukt sommaren til noko betre.
CNN108 All den gode maten som dei laga skal serverast på festspelfrukost i Volda.
CNN109 Dei aller fleste problem kan løysast ved hjelp av mekling.
CNN110 Bidger og Esmiluni hadde laga ei tre etasjar høg snølykt utfor kjøkenglaset før jul.

2.7. Formelt subjekt

CNN111 Det bles ein varm vind innover stranda.
CNN112 Det utvikla seg ein særeigen fotballkultur i Latinamerika.
CNN113 På golvet låg det knuste eggeskal og eit smilande laksehovud.
CNN114 Er det mykje pengar der?
CNN115 På bilete var det ein mann med bart, grått hår og eit svart smalt slips.
CNN116 Han visste at det låg ein gamal indianar-gravplass der oppe.
CNN117 Inne på rommet er det ei vanleg seng og ei feltseng.
CNN118 Det blir lagt ned skular.
CNN119 Det er berre to hundre meter til næraste nabo.

3. KOMPLEKSE SETNINGSLEDD

3.1. Sideordning

CNN120 Mor og far blei ikkje gamle.
CNN121 No går diskusjonen om spelestil, trenarskifte og motivasjon.
CNN122 Rock og målsak skal smelte saman under målrockfestivalen i Årdal i sommar.
CNN123 Ei tynn dame i olabukse og raud t-skjorte kjem ut på verandaen.
CNN124 Kyrkjegardshunden var kald og våt.
CNN125 Fremst gjekk ein ung mann og ei jamgammal kvinne.
CNN126 Turistane kjøpte syltelabbar og røykelaks frå salsbuene på torget.
CNN127 Dei diktar for kvarandre om opphavet til verda og byrjinga av alt liv.
CNN128 Anton og Pode åt solstrålar til lunsj.
CNN129 Heksa var gått ut og kjøkkenglaset sto oppe.

3.2. Leddsetningar

CNN130 Forteljaren prøver å bagatellisere ho.
CNN131 Ho ser at bjørkene er blitt grøne.
CNN132 Eg liker ikkje å sjå at folk er sjuke.
CNN133 Forskarar åtvarar mot å ete fisk som er fanga i Trollheimen.
CNN134 Eg merka augene hans i ryggen til eg var komen ut porten.
CNN135 Lappolette smilte til han medan ho åt ein liten frukosttallerken med spagetti.
CNN136 Guten teier om at han ikkje har nokon heim eller noka bestemor.
CNN137 Tante Elida blir ganske sint viss ho får sjå deg.
CNN138 Viss du kjem til meg, får du gratis bensin og ferske bollar kvar dag.
CNN139 Mannen i gul dress sa at familien til Pode var skuldig for at det vart så dårleg ver.
CNN140 Fotballen er med på å særmerkje og prege den latinamerikanske kulturen.
CNN141 Turistane visste ikkje heilt kor dei skulle gjere av seg.
CNN142 Det er heilt tydeleg at utlendingar tykkjer det norrøne er eksotisk og fascinerande.

4. BLANDA SETNINGAR

4.1. Setningsledd der ledda er enkeltord

CNN143 Ho dusjar.
CNN144 Hastar det?
CNN145 Spelar dei laurdag?
CNN146 Eg misunner Fiskeguri.
CNN147 Det trengst.
CNN148 Esmiluni gjekk ut.
CNN149 Bjørn orka ikkje smågodt.
CNN150 Verda går framover!
CNN151 Stemma skalv litt.
CNN152 Stine kasta ostepølsa.
CNN153 Vatnet fossar.
CNN154 Dei spelar periodevis bra.

4.2. Setningsledd der nokre av ledda har meir enn eitt ord

CNN155 Angrep har vore varemerket til Real Madrid.
CNN156 I FC Barcelona er ein harm på hovudstadsklubben.
CNN157 Beckham var aldri i tvil.
CNN158 Han snakka om «woodoo-økonomi».
CNN159 No bruker staten millionar på ein sparekampanje.
CNN160 Det er dei fattigaste.
CNN161 Eg var på ein kamp på Ullevål stadion.
CNN162 Fysisk aktivitet i skulen kan motverke sosiale ulikskapar.
CNN163 Han las eit hefte om bilmotorar og girolje.
CNN164 Inne i skallen hans herja draumane fritt.
CNN165 Namsos må vera staden for eit slikt museum.
CNN166 Surb Urban spelar nemleg gamal 80-talsmusikk.
CNN167 Dette er den beste tida på 1500 meter sidan 1986.
CNN168 Minnesmerket blei avduka sist helg.
CNN169 Dei har ein samla målskilnad på 26-3.
CNN170 Fleire kommunar har no forbod mot unødig bruk av vatn.
CNN171 Me hadde ein geitekilling.
CNN172 Målet var 200.000 kroner.
CNN173 Historia vert fortalt i tablå-liknande sekvensar.
CNN174 Fredag blei det to tap for det nykomponerte laget.
CNN175 Dei utanlandske måkane krinsa over dei.
CNN176 I salen sat det 380 stivpynta folk.
CNN177 Hendinga har vore skildra med oversynsbilde og piler i VG.
CNN178 Ved tjernet står eit forlate telt.
CNN179 Kristiansund vil bruke meir pengar på utsmykking og monument.
CNN180 GSM har ikkje dekning her inne i skogen likevel.
CNN181 Heime i Balestrand er friidrettsmiljøet lite.
CNN182 Ulven herja stygt i husdyrflokkane.
CNN183 Ballane fyk som kanonar kring hovuda på oss.
CNN184 Mathias Eikenes frå Sandane scora tre gonger.
CNN185 To av stjernene på Brann sitt eliteserielag kasta glans over Voss Cup i år.
CNN186 Seinast i helga deltok han i juniorklassa under Norgescupen i klatring.
CNN187 To kvinner i Førde fekk ein luftig tur over byen i morgontimane i dag.
CNN188 Marte sine foreldre driv landsbyutvikling i ein avsidesliggjande landsby.
CNN189 Mot slutten av livet hans var dette ein draum som stadig oftare kom til Ivar Aasen.
CNN190 Dette er noko studentmiljøa bør ta alvorleg.
CNN191 Det kjem ein veldig rovfugl som vil ta egget mitt.
CNN192 Det vart gitt ut 65 aviser med nynorsk som dominerande målform i 2000.

4.3. Komplekse setningsledd

CNN193 Kameratane skjøna at noko var gale.
CNN194 Laget diskuterer kva dei kan gjere.
CNN195 Midnattskonserten er meint å vere ei stemningsfull oppleving for øyre og sjel.
CNN196 Bøkene seier så sjeldan tinga slik som dei er.
CNN197 Der bur dei i små hus av kvister og leire.
CNN198 Rekkverket var så lealaust at ikkje eingong fuglane sat lenge der om gangen.
CNN199 Ulven blei rekna som ein råtass og ein kjeltring i gammal tid.
CNN200 Bussjåføren hadde parkert bussen slik at dei sterke billyktene lyste opp det forelska paret.
CNN201 Eg forbind byar med damer med raude neglar og leopardpels.
CNN202 Maten var ekkel, og den lukta vondt.
CNN203 Det er ikkje nokon vits i å stå og vente på at indianarspøkjelsa skal kome og ta meg.
CNN204 Losna-ætta vart ei av dei rikaste og mektigaste stor-mannsættene i Noreg.
CNN205 Pode la seg ned på lasteplanet for å ikkje få flaksande fiskestenger og flygande påhengsmotorar i hovudet.
CNN206 Born og vaksne i utkantane av Flora demonstrerte kraftig mot planane om å leggje ned utkantskular.
CNN207 Det er mogeleg å konkurrere mot Lidl.
CNN208 Dei visste at ludo var ludo og at kjærleik var noko anna.
CNN209 Fotballdommaren frå Kaupanger er aktuell til å dømme UEFA-cup-kampar og kvalifiseringskampar for meisterligaen.
CNN210 Clooney har laga ein film som nok ein gong viser at mannen er ein garantist for god smak.
CNN211 Eg trur at pengar ofte er det same som lukke i samfunnet sine auge.
CNN212 Eg såg etter prestesonen der han gjekk i dressen sin opp den vesle grusvegen.
CNN213 Tidleg på 90-talet var det mykje prat om å plassera rocken på museum i Namsos.
CNN214 Han meiner at dei gamle heltane har sørgt for den beste marknadsføringa av byen.
CNN215 Vaktene mildnar stemninga med å sende myggolje rundt i sommarkvelden.
CNN216 Marte og Sambatra viser meg inn i ein heim som mange tenåringar kan misunne dei.
CNN217 Jostein Gaarder plukka ut bokbåten i Sogn og Fjordane blant tre unike litteraturformidlingstiltak på verdsbasis.
CNN218 Etter tre år er dei sju musikarane i Lumsk klare til å hevde seg med ei blanding av norsk folkemusikk, rock og metal.
CNN219 Professor Olav Orheim fryktar at uvørne turistar skal bli drepne av isblokkar.
CNN220 Oppgjeret på Fosshaugane utvikla seg til å bli ein skikkeleg toppkamp.
CNN221 Det er sagt at trappa er det farlegaste byggverket i eit hus.
CNN222 I 1781 fekk han premie fordi han kunne dokumentere å ha skote 25 vaksne bjørnar.
CNN223 Stadig dukkar det opp nyhendemeldingar som fortel om korleis nokon får andre til å betale fiktive rekningar.
CNN224 Dei unge mennene i demonstrasjonsstolen verkar litt brydd over å sitje til utstilling.
CNN225 Ho tykkjer dei skal gå inn for å vere litt gladare.
CNN226 Mellom indianarar og eskimoar er det kjent at bjørnen utfrå instinkt velgjer ut svangre kvinner som bytte.
 


In order to continue using the Java applets, see troubleshooting tips and Download Java.
On Windows use Internet Explorer 11. macOS no longer supports Java applets.
The Chrome extension CheerpJ Applet Runner may work for some use-cases.


Copyright 1996-2024 | Report a Problem / Contact Us | Printable Version